Bondens marked inviterer til informasjonsmøte 30. juni kl 12. Møtet er for deg som er nysgjerrig på hva som skal til for å kunne delta og hvordan det praktisk foregår.
Møtet blir digitalt og du kan delta via denne lenken:
Join Zoom Meeting
https://zoom.us/j/99492542959?pwd=N3BpSFdBUjMva0JhZnZPMW41dFFoUT09
Meeting ID: 994 9254 2959
Passcode: 052956
Bergen og Førde
Sidan 2003 har Bondens marked hatt to organisasjonar ein i Bergen og ein etablert i Førde som seinare vart Sogn og Fjordane (SF). Mange av produsentane knytt til SF er også deltakarar i Bergen. Omsetninga pr. marknadsdag varierer med årstid og kundegrunnlag. Men det er mange faktorar som spelar inn i tillegg – som vareutval på marknadsdagen, kommunikasjon og kor kjende produkt og produsent er. Attraktiviteten i varene kan spele inn eller rett og slett vêret. Dersom ein har få marknadsdagar i løpet av året, avlyste dagar og uheldig med vêret både kva gjeld uver og godver så er det fort at ein lokasjon får dårleg resultat. Produsentar med attraktive varer, kjennskap og opparbeida kundegrunnlag har naturleg nok høgare omsetning enn sporadiske deltakarar. Ferskvarer som brød og bollar sel alltid godt, det blir som nysteikte bollar på bensinstasjonen. Det er kanskje viktig for marknaden at desse varene er der for å trekke folk innom. Grønsaker har vore mangelvarer på alle marknadar i alle år, men det er utfordrande å få til ein strategi om å delta for bonden når det er så få marknadsdagar.
Nytt initiativ
I 2021 har vi fått midler frå Vestland fylkeskommune til å sette i gang ein testsesong for eit Bondens marked Vestland. Det kan bli aktuelt å opprette dette som eit tredje marked i Vestland eller at BM Sogn og Fjordane oppløyser seg sjølve og går inn i den nye organisasjonen. Det kan vere snakk om å arrangere fleire marknadsdagar på fleire stadar i Vestland samstundes. Dette for å få eit stort nok lag (vi ynskjer minst 50 produsentar for å realisere dette her) til å kunne drive marknadsdagar nær nok kvar enkelt produsent.
Stitinga Bondens marked Norge vil hjelpe oss med dette prøveprosjektet og så vil ein ny organisasjon verte etablert av produsentane sjølve når vi har fått testa ut grunnlag og interessa blant produsentane. Stadar som er aktuelle er å vidareføre er marknadane i Førde, Florø og Sogndal i gamle Sogn og Fjordane evt. Vi vil sjå på nye stadar der også. Og teste ut Voss, Os evt. Knarvik i gamle Hordaland. Fleire stadar kan komme til som i samband med festivalar i Hardanger.
Formålet med testsesongen er å finne eigna nye torgstadar, få opp engasjementet hos kommune og vertstaden for drift av marknad, samt at mange nok får høve til å møte forma for sal og god nok tid til å sette seg inn i handboka for Bondens marked og tilpasse seg krava der.
Målsetting er å teste 10 marknadsdagar på nye stadar i Vestland fylke – evaluere resultata opp mot gjennomsnittsomsetning i kategori, gjennomføringssituasjonen og levedyktigheita til ein marknad på staden. Det vert sett eit omsetningsmål på snitt kr 7000 inkl mva i sal pr produsent pr marknadsdag. For grønt noko lågare, for frukt høgare – men snitt på dei på 7000. Dei markandane som er i drift i dag har frå 6 – 20 tusen i snittomsetning.
Totalt 50 nye produsentar får moglegheit til å teste ut kanalen, det er ikkje sikkert alle kjem seg fysisk til staden, men dei skal ha fått moglegheit, fått informasjon og oppfyljing av punkt som må vere på plass for å kunne tilby varer gjennom torgsalg og dei krav som gjeld for deltaking under merkevara Bondens marked.
Minst 4 nye stadar vert testa ut – på lista står Voss, Os, Knarvik, vi treng innspel på fleire. I tillegg driftar ein Førde, Sogndal og Florø med auka tal marknadar. Sogndal viser god utvikling der det alt er gjennomført 2 marknadsdagar i 2021 med snittomseting over 7000.
Korona heng fortsatt over oss og det å ha tilgjengelege marknadskanalar igjen er viktig for dei nye, viktig for de etablerte og for «det skjer» ting for kunden, byen og tettstaden.
Har du lyst å vere med på dette? Send oss ein e-post (vestland@bondensmarked.no) så kontaktar vi deg når vi har planen klar i starten av juni. Testmarknadane vil finne stad frå seint august og ut året.